- No er vi i gang!

Publisert 27.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

Første møte i ressursgruppa for Styving - landbruksmessa i Vestland vart arrangert veka før jul. Det blir festival 18. - 20.september 2020, hald av datoane!

Det var ein engasjert og idèrik gjeng på 15 personar som møttes hjå Rein Design for første møte i ressursgruppa for Styving - landbruksmessa i Vestland. Agenda for dagen var å fastsetje dato for messa, og komme i gang med tema, innhald og arbeidet vidare. - No er datoen sett til 18.- 20.september 2020, og etter møtet me har hatt i dag tenkjer eg at lista er lagt for at det skal bli eit knakande godt arrangement for både bonde og forbrukar, seier Tom Farsund frå Rein Design. 

På nyåret går arbeidet i gang for full sving, følg gjerne Styving - landbruksmessa i Vestland på Facebook og få oppdateringar der. Dette blir bra!

Frå venstre rundt bordet, Tom Farsund - Rein Design, Steffen Neset - Alltech, Eivind Fonn - Nortura, Ragnhild Helgheim - Sparebanken Sogn og Fjordane, Martin Braanaas - Fjord Tømmer/Sunnfjord Skogeigarlag, Knut Vedbjørnsen - Mo og Øyrane vgs, Norunn Ulvedal - Tine, Margunn Myrmel Øren - Felleskjøpet, Hanne Lisbeth Nybø - Sogn og Fjordane Bondelag, Arild Grimeland - Nortura, Roar Husetuft - Fjøssystemer, Randi Solheimsnes - Enivest, Ole Johan Norddal - Mo og Øyrane Vgs. Håvard Larsen frå Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag måtte gå før biletet vart tatt. Foto: Svein Inge Bjørkedal

Produksjonsdelinga i norsk landbruk må på agendaen

- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går

Maskinførarkurs 2020

Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Bli med på seniorkurs 18.mars!

Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.

Våre samarbeidspartnere