NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Ole Bjarne Hovland. 

 

-Det er stor frustrasjon over ulven i Ytre Sogn og Sunnfjord, fortel Hovland.

Han meiner situasjonen er uhaldbar etter at Fylkesmannen avslo søknaden om å forlenge skadefellingsløyve på ein ulv i  Ytre Sogn og Sunnfjord tidlegare oktober.

-Det har vore jegerar som har hatt ulven i sikte. Dei har stått 130 meter i frå han, og kunne felt den. Løyvet gjekk ut 15.oktober, og berre ei veke seinare har dei den på skothald, men har plutseleg ikkje lov å skyte den lengre. Det er så frustrerande at det er vanskeleg å finne ord.

 

-Folk er forbanna

-Me hadde fått til eit bra opplegg med hjortejegerar som var klar til å felle ulven, dessverre vart ikkje skadefellingsløyva forlenga. Ulven er difor freda per dags dato. Vedtaket er klaga inn til Miljødirektoratet, men ingen veit kor lang tid det går å behandla klagen.

Hovland fortel at det er mange i området som driv med beitedyr, og at dei er opprørte over heile situasjonen. Denne ulven er heller ikkje vurdert til å vera genetisk viktig, og uttak av ulven vil ikkje vere til skade for ulvebestanden si overleving.

-Det å ikkje forlenge skadefellingsløyve er dårleg gjort mot bøndene som har ulven så tett på.  Dei føler det som eit hån at dei bur i eit beiteprioritert område og staten har sagt at ulven ikkje skal vera der, likevel får me ikkje skyte ulven når me har best sjans.    

 

Ynskjer å framskunde lisensjakta

-Lisensjakta tek til 1.desember, det er for seint.

Sporsnø er avgjerande for å finne ulven, og snøen i Ytre Sogn og Sunnfjord kan like fort komme i november som i desember, forklarar Hovland. Snøen ligg heller ikkje like stabilt i dette området som det gjer i indre strøk. Difor er det viktig at me har sjansen til å jakte når forholda legg til rette for det.

- Bøndene har mista mange dyr til ulven. Sjølv om beitedyra er kome inn for vinteren, må ulven vekk før dei kjem ut att på beite neste år. Dersom me ikkje klarar det fryktar eg ein ny blodig sommar i 2020.