Ein 100 års dag kan ikkje gå forbi utan å markere. I dag skal Njøs frukt og bærsenter feire at dei har eksistert i heile 100 år! 

Dagleg leiar i bedrifta, Stein Harald Hjeltnes kan fortelje at hovudarbeidet deira framover vert å utvikle nye sortar av frukt og bær. Dette har lenge vore ein kjerneaktivitet, men framover skal dette arbeidet aukast.

Han fortel vidare at dei lagar nye sortar og finn dyrkningskonseptet for dei nye sortane. Dei arbeider og med å finne nye bær- og fruktslag som ein kan nyttiggjere seg av. Døme på dette er aprikos og tindved. Det er viktig å finne dei rette artane og sortane slik at næringa kan utvikle seg. Eit anna fokus Hjeltnes trekk fram er å ta vare på dei særnorske artane som stiller med god kvalitet og ikkje la seg freiste av billegare utanlandske plantar. 

Njøs frukt og bærsenter har alltid vore lokalisert på Leikanger. Bedrifta opplevde ein nedtur etter at Bioforsk la ned aktiviteten sin i 2007. Den gong var det nesten ikkje folk igjen på huset, men no har totalt 16 personar arbeidsplassen sin her (12 av dei tilknytt Njøs frukt og bærsenter). Dette kjem som følgje av at det har blitt jobba bra politisk i fylket og at Bonde og småbrukarlaget saman med Bondelaget har lagt ned ein god innsats fortel Hjeltnes vidare. 

Njøs frukt og bærsenter er og skal framleis vere ein viktig aktør for bær -og fruktnæringa i heile landet. Hjeltnes har eit sterkt ynskje om å bli flinkare til å byggje ein merkevare på norske sortar og plantar og at den norske frukt og bærnæringa tore å satse på desse! 

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er ikkje i tvil om at Njøs i ulike organiseringar gjennom tida har vore viktig for frukt- og bærnæringa, spesielt på Vestlandet. Eit godt eksempel på dette må vere utviklinga av Celina- pæra, som truleg vil berge norsk pæreproduksjon. Graminor si satsing på Njøs har vore avgjerande for at dei i dag framleis eksistera, og det er gledeleg at dei har utvida ansvarsområdet til Njøs den siste tida. Framover er det viktig at Njøs legg ein strategi slik at ein sikrar endå nærare kontakt med næringa. Dette vil vere avgjerande for å kunne auke produksjonen, utvide sesongen og samtidig utvikle ei attraktiv og lønsam næring, held Felde fram.