Laget har cirka 102 medlemmer, og under årsmøte diskuterte dei korleis dei kunne engasjere fleire. Styret gjorde ein innsats i forkant av møtet, der målet var å få fleire unge og nye produsentar med på laget. Dette er ei sak dei vil jobbe vidare med. 

Lærdal Bondelag gjer innspel til jordbruksforhandlingane. Dei svarar også på ein del høyringar opp mot kommunen. 

Årdal bondelag har sendt eit spørsmål til Lærdal om samanslåing av laga. Styret skal jobba meir med denne saka.

Laget prøver også å få til eit arrangement retta mot yngre bønder i bygda.