Saka var sendt på høyring frå Landbruks- og matdepartementet til bondelaget, med ei tilråding om at prisreguleringa for omsetjing av konsesjonspålagde landbrukseigedomar bør opphevast. Argumentet til staten er at prisreguleringa grip for mykje inn i eigedomsretten til bonden, den hindrar omsetning av landbrukseigedomar og eit frislepp av pris vil kunne auke verdigrunnlaget og kapitaltilgangen for seljar. Dette vil så kunne stimulere omsetnaden av landbrukseigedomar. Staten har også eit formål om å redusere den offentleg ressursbruken i forvaltning av slike saker.

Sogn og Fjordane Bondelag legg til grunn følgjande moment i sitt høyringsnotat, seier Per Hillleren:

- Vi er også for auka omsetning av konsesjonspliktige landbrukseigedomar, men trur ikkje at eit frislepp av prisregulering, isolert sett, vil auke omsetnaden av konsesjonspliktig landbrukseigedomar. Dersom ein tek vekk prisreguleringa tek ein også vekk eit vesentleg kriterium for politisk styring for å kunne halde prisen nede på jordbruksarealet, med mål om eit tilfredstillande økonomisk driftsgrunnlag, spesielt for unge kjøparar. Ein for så i større grad legge reelt kostnadsnivå og marknad til grunn for omsetjing av bygningsmasse og anna areal knytt til landbrukseigedomen.

- Eit slikt frislepp av pris vil også kunne redusere grunnlaget for å realisere andre viktige kriterium knytt til konsesjonslova, mellom anna for å få til effektive, rasjonelle og kostnadsffektive driftseiningar i landbruket.

- Ei frikopling av priskontrollen vil også kunne førte til at dei med best økonomi skaffar seg landbrukseigedomar i konkurranse med andre kjøparar, der kriterium som kjøp av tilleggsjord og landbrukfagleg fagkunnskap hos kjøpar kan bli nedprioritert i handsaminga. Det er stor trong for tilleggsjord i høve til vår småskala eigedomsstruktur.

- Vi meiner det er auka trong for landbruksfagleg kompetanse i kommunane i framtida. Ein reduksjon i den offentlege ressursbruken når det gjeld handsaming av konsesjonssaker, som departementet tek til orde for, tener ikkje saka.