LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

Frå 2020 fell støtta til eksport av Jarlsbergost vekk, og 100 millionar liter mjølk, tilsvarande sju prosent av den mjølka som blir produsert i Norge, blir overflødig. Jordbruket og regjeringa har i haust vore i prosess om korleis reduksjonen i mjølkeproduksjonen skal gjennomførast.

- Dette er ei veldig vanskeleg sak. Det er alvorleg å vere med på vedtak som reduserer norsk mjølkeproduksjon, og økonomien til den enkelte mjølkebonde, seier Anders Felde. Dei mjølkebøndene som får det tøffast er dei som nettopp har investert i ny fjøs og har høge lån, held han fram.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at prosessen er ei sluttføring av jordbruksforhandlingane i år, og målet har vore å finne ei løysing som skapar balanse i mjølkemarknaden. Den eigentlege fristen var 1.oktober.

- Det var viktig å få landa ei løysing slik at mjølkebonden kan starte å planlegge for nedskaleringa. Bondelaget er i denne situasjonen opptekne av å ivareta ein mjølkeproduksjon over heile landet, frå både store og små gardar. Det meiner vi grepa i avtalen bidreg til, seier Felde.

 

Staten bidreg med 200 mill. kroner

-Avtalen slår fast fleire grep for å få til ein reduksjon. 40 mill. liter mjølk skal kuttast ved utkjøp av mjølkekvotar. Utkjøpsordninga gjeld berre for perioden 1. jan 2020-31. mars 2020.  Kostnaden med utkjøpsordninga er berekna til ca. 550 mill kroner. Staten bidreg med 200 mill. kroner for å dekke kostnadane til dette tiltaket, resten av kostnaden må mjølkebøndene sjølve finansiere med omsetningsavgift, fortel Felde.  

I praksis blir det slik at mjølkebøndene i Vestland som ynskjer å selje kvoten sin må selje 80% av kvoten til staten for kr.  12,50, medan dei må selje 20% av kvoten privat. Det er heilt avgjerande at det er sett tak på kor stort volum med mjølk som kan bli med i utkjøpsordninga, slik at vi beheld den relative delen av mjølkeproduksjonen  i kvar av regionane i landet held Felde fram.

- Bøndene har kome i denne situasjonen som fylgje av politiske vedtak. Vi har difor meint at det er rimeleg og naudsynt med statleg medfinansiering, noko det er bra vi har fått til, seier Felde.

Den resterande mjølkemengda opp til ein balanse i marknaden, regulerast ved at kvar produsent kan produsere mindre av sin kvote. Det betyr at kvar bonde får levere prosentvis mindre mjølk frå 2020. For bonden inneber nedskaleringa kostnadar til utkjøpsordninga og tapte inntekter. 

-For Bondelaget har det vore viktig å sikre best mogeleg ramme for nedskaleringa, slik at kostnadane blir lågast mogeleg for bøndene. Vi er bekymra for alle mjølkeprodusentane, for dei som har satsa, for dei som skal gjennomføre investeringar. Dette er tøffe tak for bonden. No må vi gjennomføre denne runden, slik at vi oppnår balanse i mjølkemarknaden og kan utvikle mjølkesektoren vidare, seier Anders Felde.

 

Bakgrunn:

I januar 2016 vedtok Stortinget eit bortfall av all eksportstøtte, som fylgje av WTO-avtalen. Frå 1. juli 2020 vil det ikkje bli utbetalt eksportstøtte til Jarlsbergosten, og rundt 100 mill. liter mjølk blir overflødig i den norske marknaden. I jordbruksoppgjeret 2019 vart partane samde om å utarbeide eitt opplegg for korleis nedskaleringa skal gjennomførast hausten 2019 med frist 1.oktober. Nedskaleringa vil bli gjennomført ved bruk av forholdstal og oppkjøp av mjølkekvoter.

 

Meir informasjon finn du her:

https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/slik-skal-nedskaleringen-gjennomforeshttps://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/enighet-om-reduksjon-av-melkemengdenhttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/enighet-med-norges-bondelag/id2674265/