Nedskalering av mjølk, plastinnsamling og kommunale vegar

Publisert 25.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

30.oktober hadde Fjærland Bondelag årsmøte på bygdahuset.

 

AKTIVT LAG: Fjærland Bondelag. 

 

Møtet starta med orientering frå fylkesstyret ved Gry Ingvild Agjeld. Hovudtema var nedskalering av mjølk og samanslåing av fylkeslaga. Det var god diskusjon frå ein aktiv gjeng.

Etterpå var det matpause med servering av pizza og brus.

 

Saker som var diskuterte i møtet

  • Plastinnsamling.
  • Dårlege kommunale vegar.
  • Ingunn Skeid orienterte om planane for mjølkeprosjekt i nye Sogndal kommune. Tykkjer det er viktig å starte opp dette no i situasjonen med nedskalering av mjølkeproduksjonen. Er viktig med ny giv, og å hjelpe fram dei som ynskjer å satse no.
  • Arbeidsplanen for 2020 (medlemsverving, politikarkontakt, bondekafê og gardsbesøk for 8.klasse)

 

Styret

Anders Skarestad - Leiar

Svein Arne Bøyum - Styremedlem 

Ivar Erlend Waatevik  - Styremedlem 

Anders Mundal - Styremedlem 

Knut P. Bøyum - Styremedlem 

 

Svein Per Ervik

Nokon må ta ansvar

- Vi treng eit eige Bondelag her i nordvest var den klare meldinga frå årsmøtet i Selje- og Stadlandet Bondelag. Svein Per Ervik tok ansvar og vart vald som ny leiar.

Aktivt år for Hyen Bondelag

- Vi bestemte oss for å kjøpe blomar til dei som vart ramma av flaum og ras i sommar. Dette var berre ein liten ting, men vi ville vise at vi er her og kan hjelpe, og at vi tenkjer på dykk, sa Torunn når ho presenterte årsmeldinga til Hyen Bondelag

Stig Asle Midtbø ny leiar i Norddalsfjord Bondelag

- Spørst om eg klarar å vere like tydeleg som forgjengaren min han Jan Arve Midtbø, men eg skal no gjere det på min måte og håpar det vert godt nok seier nyvald leiar i Norddalsfjord Bondelag Stig Asle Midtbø

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere