Nedskalering av mjølk, plastinnsamling og kommunale vegar

Publisert 25.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

30.oktober hadde Fjærland Bondelag årsmøte på bygdahuset.

 

AKTIVT LAG: Fjærland Bondelag. 

 

Møtet starta med orientering frå fylkesstyret ved Gry Ingvild Agjeld. Hovudtema var nedskalering av mjølk og samanslåing av fylkeslaga. Det var god diskusjon frå ein aktiv gjeng.

Etterpå var det matpause med servering av pizza og brus.

 

Saker som var diskuterte i møtet

  • Plastinnsamling.
  • Dårlege kommunale vegar.
  • Ingunn Skeid orienterte om planane for mjølkeprosjekt i nye Sogndal kommune. Tykkjer det er viktig å starte opp dette no i situasjonen med nedskalering av mjølkeproduksjonen. Er viktig med ny giv, og å hjelpe fram dei som ynskjer å satse no.
  • Arbeidsplanen for 2020 (medlemsverving, politikarkontakt, bondekafê og gardsbesøk for 8.klasse)

 

Styret

Anders Skarestad - Leiar

Svein Arne Bøyum - Styremedlem 

Ivar Erlend Waatevik  - Styremedlem 

Anders Mundal - Styremedlem 

Knut P. Bøyum - Styremedlem 

 

Mentorordning i landbruket

Mentorordninga i landbruket

Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartnar? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele erfaring med andre?

Styret i Flora Bondelag

Opptekne av sjølaksefiske

- For oss er det viktig å presisere at mange grunneigarar langs kysten har rettar knytt til sjøfiske av laks. Bondelaget må verte flinkare til å balansere seg når ein uttalar seg om laksen for her har ein også medlemer med rettar i havet, vart det mellom anna sagt i årsmøtet i Flora Bondelag.

Skattekurs på Skei

5. og 6.november var over 80 deltakarar frå samarbeidande rekneskapskontor samla på Thon Hotel Jølster for skattekurs.

Lærerik årsmøterunde

- Det er interessant å få reise rundt på årsmøterunda i fylket seier styremedlem Kari Sigrun Lysne. Ho har mellom anna vitja fleire lokale Bondelag i Nordfjord

Rømmegraut, loddsal og appell for høna

- Eg hadde inga aning om at det kan vere så morosamt på eit årsmøte i eit lokalt Bondelag, seier tilsett i Sogn og Fjordane Bondelag Hanne Lisbeth Nybø etter å ha vore så heldig å få delta på årsmøte i Nordre Gulen Bondelag

Deltakarar på juletrekurs

Juletreprodusentar på marknadskurs

- Det å verte møtt på ein slik måte som vi vart på kurset hos humørbonden var både spanande og utfordrande seier Nina Sofie Gjelsvik frå Bygstad

Optimistprisen

Fokuserer på det positive

- Vi meiner det er viktig å få fram alle positive satsingar i bygda vår og difor deler vi årleg ut pris til ein eller fleire optimistar, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle

Arne Rebni Øvreås, Sigrid Hjørnegård og Anders Felde

Bygger fjøs til 20 mjølkekyr

- Utan Luster kommune si ekstra satsing på landbruket, ville nok vi ha tenkt oss om ein gong til seier Arne Rebni Øvreås som saman med familien byggjer ny lausdriftsfjøs til 20 mjølkekyr.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere