Ved sidan av eit aktivt grep om medlemsvervinga med gjennomført vervekurs for heile styret, har Naustdal Bondelag vore med å skipa til Open Gard på Mo, dei deltek på Sanden Søndag lokalt i Naustdal og dei har ved fleire høve vore med å organisert gardsbesøk for politikarar frå ulike parti saman med fylkeslaget.   Dei er også flinke til å delta på fylkesarrangement og kjem alltid med tilbakemeldingar i høyringssaker som vert lufta i lokallaga.

Som premie vil Styret i Bondelaget i Naustdal frå besøk av tidlegare Bondelagskokk Bodil Fjellestad.  Ho vil tilberede eit betre måltid for styret som honnør for at lokallaget hausten 2016 tok vervearbeidet på alvor.

 

F.v.: Leiar i Naustdal Bondelag, Arild Herstad, Fylkesleiar Anders Felde og styremedlem Nils Magne Gjengedal.