Naustdal Bondelag kåra til årets lokallag
- Det er flott med lag som jobbar målretta med medlemsverving, slik Naustdal har gjort det siste halve året, seier fylkesleiar Anders Felde. Målretta arbeid med medlemsverving vart "tunga på vektskåla" når årets lokallag i 2016 skulle bli kåra.
Ved sidan av eit aktivt grep om medlemsvervinga med gjennomført vervekurs for heile styret, har Naustdal Bondelag vore med å skipa til Open Gard på Mo, dei deltek på Sanden Søndag lokalt i Naustdal og dei har ved fleire høve vore med å organisert gardsbesøk for politikarar frå ulike parti saman med fylkeslaget. Dei er også flinke til å delta på fylkesarrangement og kjem alltid med tilbakemeldingar i høyringssaker som vert lufta i lokallaga.
Som premie vil Styret i Bondelaget i Naustdal frå besøk av tidlegare Bondelagskokk Bodil Fjellestad. Ho vil tilberede eit betre måltid for styret som honnør for at lokallaget hausten 2016 tok vervearbeidet på alvor.
F.v.: Leiar i Naustdal Bondelag, Arild Herstad, Fylkesleiar Anders Felde og styremedlem Nils Magne Gjengedal.