Ute i naturen.    Foto: Geir Aardalsbakke

 

- Ein naturmøteplass er eit område som er tilrettelagt for enkelt friluftsliv. 

Det seier Hanna De Groot, prosjektleiar i 4H. Ho fortel at ein kan nytte stadane til ulike aktivitetar. Mellom anna kan ein klatre i tre, plukke bær, arrangere skileik og ake. 

-  Eit av måla våre er å få born til å verte glad i naturen, seier ho.  

 

Folk set pris på naturplassane 

 Hanna De Groot, prosjektleiar i 4H.

 

- Plassane er godt besøkt av folk i alle aldrar og det er kjekt å sjå. 

Naturmøteplassane er bygd av og for bygdefolket. Lag og organisasjonar samarbeider om å setje dei opp, ofte tek 4H initiativet. 

-  Mange trur at naturplassane er eksklusive for 4H -klubbane, det er dei ikkje. Dei er opne for alle, det er viktig å poengtere.

 

Ny nettside

Naturmøteplassen til Eikås 4H.  

- På den nye sida vår forsøker me mellom anna å samle aktivitetstips. 

Planen er at den skal vera ferdig i juni. 

- Dersom folk har råd, tips og ynskjer til nettsida, er det berre å ta kontakt opplyser prosjektleiaren.  

 

For meir informasjon, klikk her.