Elsertifikatordninga verkar slik at all ny, fornybar kraftproduksjon som er starta opp etter 7. september 2009 kan få tildelt "verdipapir" kalla elsertifikat i ein 15 års periode. Ordninga er felles med Sverige. Men i motsetnad til Sverige er det her i landet ein absolutt sistefrist for når produksjonsanlegga må stå ferdige: 31. desember 2020. Denne fristen vil føre til press i marknaden for å få alle anlegg planlagte og ferdigbygde. Og etter kvart som fristen nærmar seg, vil uvissa auke for dei som kan få problem med å rekke fristen. Alle vindkraftanlegg er i praksis avhengige av denne stimuleringsordninga for å kunne ha moglegheit for å bli lønsame. Også mange nyare og dyrare småkraftanlegg vil vere avhengige av ordninga for å få trygg økonomi.

Regelverket for elsertifikata

- Kanskje presset og uvissa vil føre til at norske styresmakter må endre regelverket og harmonisere det med det som gjeld i Sverige, uttrykte Terje Engvik. - Men det veit vi ikkje enno. Fyrste høve til regelendringar er i 2015, då elsertifikatordninga skal evaluerast. Inntil vidare må vi planlegge ut frå det som er vedteke. Olje- og energiminister Ola Borten Moe har vore ganske klar når han har vorte utfordra på skilnaden i regelverk mellom Norge og Sverige: "Ikkje be om meir tid eller pengar - kom i gong og realiser nye produksjonsanlegg no", har bodskapen vore.

Meir fart i konsesjonshandsaminga

Enkelte kan i prinsippet gjere dette, t.d. dei som sit på vindkraftkonsesjonar og ikkje har bygd enno. Men svært mange større og mindre utbyggarar må vente både lenge og vel på nettilknyting eller konsesjonshandsaming før dei kan starte bygging. For småkraft har det vore ei ventetid på fleire år før søknadene har kome opp til handsaming. Men i år er det teke nye grep i NVE. Det er signalisert at søknadskøene skal vere avvikla innan 2017. Ein får i så fall minst 3 år til detaljplanlegging og bygging før elsertifikatfristen går ut ved utgongen av 2020. Det er vidare signalisert at søknader bør vere innkomne før årsskiftet for at dei skal vere sikra å bli handsama i tide. - Dette har ført til eit sterkt press på planleggings- og rettleiingsapparatet i haust, sa Engvik

225 kW gardsvindmølle i HeidalFramtidsutsiktene

Kva vil så skje etter årsskiftet? - Det vert truleg eit lite pusterom etter rushet med å få inn søknader til NVE, uttrykte Terje Engvik. Men så vil situasjonen truleg normalisere seg att. Det er stadig mange gode fornybarprosjekt som ikkje er realiserte. Trongen for ny fornybar energiproduksjon vil vere til stades. - Eg vil rå alle som sit med planar for gode fornybar-prosjekt om å jobbe vidare med desse, sa Engvik. Planlegging og sakshandsaming tek i alle høve tid, og rammevilkåra for næringa må ein rekne med vil bli tilpassa utviklinga framover. Småkraftnæringa har synt seg som ei svært viktig tilleggsnæring, ikkje minst i Sogn og Fjordane. Småskala vindkraftproduksjon kan også vere eit interessant satsingsområde om ein har gode vindtilhøve og relativt høgt kraftforbruk på garden. Gardsvindkraft er eit nytt satsingsområde i Noreg, og vi treng fleire røynsler frå dei som har sett opp nye møller die siste månadene. Vidare kan arealutleige til vindkraftparker gi gode tilleggsinntekter til grunneigarane. Men kraft- og elsertifikatprisane hittil i år har vore såpass låge at utbyggingsselskapa slit litt med å ta investeringsavgjerder. - Dei fleste av dei har likevel tru på ei langsiktig positiv utvikling også for vindkraft, peikte Engvik på til slutt.