Mykje folk på Open Gard
Med fint vêr, fleire hundre besøkande og aktivitetar for både store og små, vart Open Gard på Kaupanger ein stor suksess.
Laurdag 27.august arrangerte Sogndal Bondelag Open Gard på Kaupanger. Familiearrangementet fann stad på Hovland Gard, og dei besøkande fekk mellom anna sjå på ulike dyr, ri på hest, hoppe i høyet, kaste hestesko og gå natursti.
- Kjekt å syne fram garden frå ei fin side
- Me har prata om dette lenge, seier Magne Selseng.
Nestleiaren i Sogndal Bondelag fortel at då det skulle arrangerast NM i brukshestkøyring, brukshestridning og skogshest på travbana på kaupanger 26. - 28 august, var det eit perfekt tidspunkt for Open Gard også.
- Eg tenkte at kanskje fleire ville besøke oss då.
Bonden pratar entusiastisk om dagen, og kor kjekt han tykkjer det har vore.
- Eg er godt nøgd. Det var kjekt å syne fram garden til dei besøkande.
- Me kosar oss
- Dette er eit godt initiativ, seier Austheim.
Ho tok turen med mellom anna barnebarnet sitt.
- Det er mange barn som ikkje er vane med dyr i dag, og det som skjer på ein gard. Difor meiner eg det er flott at me kan kome å sjå på dyr og delta på aktivitetar. Eg syns verkeleg det er bra.
Sogndal Bygdekvinnelag var på plass
- I dag sel me fyrst og fremst kaffi og kaker. Me laga nok litt mykje, for me ville vera sikre på at det var nok mat til alle.
Ifylgje England er Open Gard ein viktig arena, også for Bygdekvinnelaget.
- Eg trur det er veldig viktig for Bygdekvinnelaget å vera synlege. Mange i Sogndal Bygdekvinnlag er over 60 år, det hadde vore kjekt å få med fleire yngre.
Har de nytta dagen til å rekrutere nye medlemmer?
- Me må nok bli flinkare, men eg har brukt delar av dagen til å prate med folk.
- Viktig å syne fram gardane
- Det er bra at Sogndal Bondelag arrangerar Open Gard. På arrangement som dette kan folk lære meir om landbruket.
Felde fortel at det er lurt at bøndene opnar dørane til forbrukarane.
- Det er viktig å ha forståing for kor maten kjem frå.
- Tykkjer det gjekk bra
- Eg er godt nøgd, ting har gått veldig greit i dag.
Vert dette ein årleg tradisjon?
- Nei, det trur eg ikkje. Det var mykje arbeid å lage til, men klarar me anna kvart år skal me vera glad. Det meinar eg kan vera ein god målsetting.
Du kan sjå fleire bilete frå dagen på Open Gard på Kaupanger her.