Berit Gjerland

 

- Boksleppet var travelt og veldig moro. 

Det fortel Berit Gjerland i Førde historielag. 

- Heile festsalen i Førdehuset var full, dette gjekk verkeleg over all forventning. 

 

Stolt

Boka "Stølane i Førde – frå fjord til bre"

 

- Me er veldig nøgde med boka.

Gjerland fortel at boka er eit enormt dugnadsprosjekt som har teke lang tid . Difor var det rørande å sjå responsen i går. 

- Mange vart overvelda over korleis boka faktisk var, eg kjenner eg er stolt over sluttresultatet. 

 

Gode tilbakemeldingar

Det var mange som tok turen til Førdehuset i går

 

- Tilbakemeldingane har vore mange og positive. 

No håpar Gjerland at folk set pris på boka.

- Eg håpar folk vil lese og kose seg avsluttar ho.