Saman med fylkesleiar i Hordaland Bondelag, Peder Nærnes og styremedlem i Bonde- og småbrukarlaget i Hordaland Arne Lofthus innleia fylkesleiar Felde om viktige saker for landbruket i Vestland. - Da kan no hende da vart vèl mange tema på kort tid, men dei fekk no eit innblikk i tema som ein start, og så vert det viktig å få politikarane med oss ut av møteromma og ut på gardsbruka, held Felde fram.

I tillegg til næringa hadde representant frå Innovasjon Norge, Fylkesmannen og seksjonssjefen i fylkeskommunen innleiingar.   I etterkant vart det ein spørsmålsrunde der det var stor variasjon i tema, men det var tydeleg at klima og marknadsbalansering er noko som opptek politikarane.   - Det var gledeleg mange spørsmål kring viktige tema, så det teiknar godt for samarbeidet vidare, avsluttar Felde.

Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon har 15 medlemer og vert leia av Tor Andrè Ljosland som representerer Krf.  På denne sida finn du oversikt over heile utvalet og deira møteplan framover.

Da var ein mannstung gjeng som innleia om landbruket. F.v. Seksjonssjef i Fylkeskommunen Endre Høgalmen, assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær, fylkesleiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs, Ole Andreas Smette frå Innovasjon Norge, Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde og Arne Lofthus frå småbrukarlaget.    På oppsummeringa etter spørsmålsrunden vart dette svært så tydeleg for alle.   Dette let ikkje den siste fylkesordføraren i Hordaland Anne Gine Hestetun gå stille forbi.  Ho etterlyste rett og slett kvinner i gjengen :)     - Ja, dette er for gale seier Felde.  Vi må rett og slett tenkje oss om korleis vi presenterer oss samla sett.  Vi har jo dyktige kvinner mellom tillitsvalde og tilsette som vi kan bruke, berre vi tenkjer på da :)