Arrangementet på Sande er ein del av det landsdekkande prosjektet "Tryggheit og helse i landbruket" og er det 12 i rekka av kampanjeretta arrrangement i vårt fylke i haust.   Tema som vert tekne opp på samlinga som startar klokka 12:00 på garden til John Søgnen er:

  • Sjå kor fort det kan gå gale når ein usikra aksling med 540 omdreiningar pr min tar tak i kjeledressen!
  • Sjå korleis vernebuksa og personleg vern reddar liv i skogen!
  • Få tips for å verne deg mot støv i landbruket.
  • Korleis arbeide tryggare med store husdyr?
  • Hugs at  alle gode ting er tre!  Kor tid gjekk du sist ei vernerunde i ditt arbeidsmiljø? Kva blir dine tre viktigaste HMS tiltak framover?

Arrangement som inngår i kampanjen er markdagar på tunet hos bønder, som lokale bondelag er tilskipar av, og tema knytt til   produsentlagsmøta i Tine og Nortura. Landbrukset HMS- teneste tilrettelegg det faglege innhaldet i kampanjen. Målet er at ein innan prosjektet sitt utløp, i 2013, skal ha gjennomført eit fulldekkande kampanjeopplegg i fylket..

For nærmare informasjon om markdagen på Sande klikk her.