Målsetnadane for møtet var at næringane seg i mellom skulle utvikle kunnskapar om kvarandre, og drøfte felles moglegheiter og utfordringar. –Vi opplever frå tid til anna at næringane vert sett opp i mot kvarandre, men stiller spørsmål ved om det er grunnlag for det, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han får støtte frå Arild Aarvik frå Carisma Fish AS og regionsjef i Sjømat Norge havbruk vest ,  Hans-Inge Algrøy,  som seier at gode eksportvilkår er avgjerande for fiskeri og havbruksnæringane.  Medan sjømatprodukta i hovudsak vert eksportert, er det den innanlandske marknaden som gjeld for produksjonen frå det norske jordbruket. –Næringane er ulike, og vi kan ikkje einast om alt. Men det er ikkje dermed sagt at næringane treng å stå i vegen for kvarandre når det gjeld vekst og verdiskaping. Vi representerer matproduserande næringar som bidreg til store ringverknader i lokalsamfunnet, seier Elin Tveit Sveen som er dagleg leiar i Marø Havbruk AS. Ei anna problemstilling som vart drøfta er korleis ein i framtida kan skaffe nye kjelder til protein i fôrproduksjonen. Det føregår  fleire forskingsprosjekt på området, og målet er å utvikle fôr som nyttar nye ressursar og restråstoff som vil gjere produksjonane mindre avhengige av importert råvare.

Møte mellom blå og grøn sektor på Svanøy Røykeri: F.v Solveig Willis frå Salmon Group, Arild Aarvik frå Carisma Fish AS, Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk, Jarl Magne Silden frå Sogn og Fjordane Fiskarlag, Hans-Inge Algrøy frå Sjømat Norge havbruk vest og Anders Felde frå Sogn og Fjordane Bondelag.