LANDBRUKSSJEF I VIK KOMMUNE: Veronika Seim Bech.

 

-  Me har mange flinke bønder i Vik, seier Veronica Seim Beck. 

Ho fortel at kommunen set landbruket høgt, og at det er mykje positivt som skjer. 

- Dei siste 10-15 åra har me vorte store på bringebær. Det var eit miljø på Vangsnes som starta det eg kallar bringebæreventyret. Vik kommune produserer over 20% av bringebæra i landet, det er me stolte av. 

I tillegg er er både mjølk og sau store produksjonar i kommunen. 

 - Me har alltid vore opptekne av sauen, og me har ei lang historie med avlsarbeid. I 2007 var det 109 bruk som dreiv med sau, og mange har bygd store moderne fjøs i det siste. I Vik har me også veldig gode beiter, og me har nesten ikkje hatt problem med rovdyr. 

 

Sysselsette i landbruket

- I Vik kommune er cirka 8,5% av dei sysselsette sysselsatt i landbruket. 

Beck fortel at sjølv om Vik er den kommunen med høgast andel sysselsette i landbruket i Sogn og Fjordane, blir det stadig færre produsentar. Spesielt på mjølk. 

- No har me 32 som leverer mjølk, for ti år sidan var det 63. Sjølv om det blir færre produsentar, har antal liter som blir produsert halde seg stabilt. 

Beck forklarar at når bønder i Vik sel mjølkekvotane sine, så sel veldig mange innad i kommunen. 

 

Optimisme i næringa

KJEKK JOBB: Det kjekkaste med jobben er å treffe ungdommar med framtidsvon, seier Beck.  

 

- Eg reiser rundt på synfaringar på gardsbruk, når bønder har tenkt å bygge. Plutseleg kan det stå ein ungdom der, som fortel at han skal overta og har visst det frå han var heilt liten. 

Det tykkjer Beck er gledeleg. 

- Det er kjekt å sjå bønder som satsar på nye bygg, kraftforautomatar og mjølkerobotar. Det kjekkaste er likevel å møte dei unge som har tru på landbruket, og framtida.