- Det er veldig spennande. Steinar Sørlie på Villa Åmot har mange idear, og det er moro å gjere ting ein ikkje har gjort før. Men eg hadde ikkje gjort dette om eg ikkje hadde laga mat tidlegare, forsikrar Øystein Furnes.

Gardbrukaren i Gaular vedgår at han er litt spent. 46-åringen som også er kjent som lege og sjef for legevakta i Sunnfjord og ytre Sogn, har inngått eit heilt spesielt samarbeid med Villa Åmot (tidlegare Åmot Operagard), eit steinkast unna garden.

 

Skal mette 100 biffgjester

Når Villa Åmot byr 50 gjester på biffaften er det Furnes som både leverer og lagar til kjøtet som blir servert. Ikkje berre på ein biffaften, men to.

- Eg tek med meg dei beste stykkene frå dyra. Det blir det entrecot, indre- og ytrefilet. Så blir det laga til på den måten eg likar best å lage kjøt. Eg vil ikkje seie at eg er kokk, men eg er glad i og har god erfaring med å lage mat. Eg har laga mat til store selskap før, men dette blir fyrste gong i slik setting, vedgår Furnes.

Han er likevel glad for at sjølv berre skal lage til kjøtet, mens ein kokk tek seg av resten av tilbehøret

For Furnes er samarbeidet med Villa Åmot nok eit teikn på at han og familien valde rett. Så seint som i 2012 flytta legen heim til Sunnfjord og satsa som bonde.

- Villa Åmot er ein kjempe fin plass for oss å promotere vårt produkt, og for dei er det bra å få eit produkt frå nabogarden, med dyr som er fora på ressursar på garden her. Så dette går som hand i handske.  

 

Stolt bonde med hjelp frå far

 

Etter fleire år på ulike stader i landet, dei siste i Finnmark, og med ein karrie som lege, valde Øystein Furnes å komme heim. Heim til garden der han vart sjuade generasjon drivar. Med seg hadde han kone og to born. Ingen andre i familien ønskte å overta.

- Eg har alltid tenkt at om ingen andre tek over drifta på garden, så må eg gjere det. Eg er veldig glad i plassen.

Og slik vart det. i 2012 kom familien sørover. Mjølkeproduksjonen var alt avvikla, men mens faren dei siste åra hadde fôra okser, valde den nye generasjonen å gå sin eigen veg. Ammekyr og kjøtproduksjon med angusokser.

Med støtte frå Innvasjon Norge bygde vi ny driftsbygning i 2015. Vi har vel 50 dyr, 24 av dei ammekyr, fortel bonden som investerte millionar i nytt fjøs.

I tillegg til eiga mark og nyrydda beite, leiger han jord på fire nedlagte bruk. Alt kombinert med jobben som legevaktsjef i Førde. Då blir kårkallen, faren som også i mange år kombinerte legeyrke med eit liv som bonde, god å ha.

- Han til veldig god hjelp på garden. Og så byrjar sønene mine også å bli til god hjelp.

- Er det ikkje strevsamt å kombinere legeyrket og gardsdrifta?

- Det er sjølvsagt mykje jobb, men eg synest det er ei kjekk avkopling å drie gard. Og veldig sunt. Eg merkar at eg har veldig godt av det.

 

God respons frå privatkundar

 

Ekstra motiverande blir det når kundane er nøgde. Villa Åmot er berre siste tilskot i ein stadig veksande kundekrins. 

- Me har valt å drive med privatsal. Så langt har me for det meste nytta Facebook til promotering. Tilbakemeldingane er veldig gode, det motiverar for å drive vidare. Artigaste eg fekk var ei som hadde servert far sin på nesten 90 år ein hørygg eg hadde levert dei. Han hadde ete ekstremt mykje, før han etterpå sa at det var slik kjøtet smakte i gamle dagar. Han trudde han hadde mista smakssansen, men plutseleg kjende han kjøtsmaken att. Det var artig å høyre, fortel Furnes som er oppteken av å sikre norsk matproduksjon.

- Eg meiner det er ein av dei mest sentrale beredskapstankegangane me skal ha i Norge, og det er veldig underkommunisert. Norsk mat er i særklasse i forhold til antibiotikabruk. Det er kanskje noko eg er ekstra bevisst på sidan eg er lege, men dette veit folk flest også etterkvart. Eg er skeptisk til landbrukspolitikken som legg opp til å samle alt i store einingar. Det er noko som fungerer få plassar i landet. Skal me halde ved like det som er spesielt i landet vårt, med kulturlandskap og gjere at me er ein plass å besøke, må me ha landbruk i distrikta.

Sjølv meiner Øystein Furnes å ha funne sin veg som fersk bonde. Og førebels siste fjør i hatten er altså samarbeidet med Villa Åmot. Eit nabolag å dra vekslar på var då også eit viktig moment då han bestemte seg for flytte heim for å overta.

- Det vurderte eg før me flytta ned hit, at det var veldig potensiale. Dels ressurasr på garden og dels naboskapet. Villa Åmot er ein god kunde. Dei er utstillingsvindu for kjøtet vårt, og dei er og gode på å presentere lokalprodusentane, seier han til Bondelaget.