Moro å klappe kyr

 

- Det er veldig moro å vera her, seier 3.klassingen ved Vassenden skule.

Klassane 3A og 3B fekk i haust reise på gardsbesøk. I løpet av dagen fekk dei mellom anna sjå korleis ein mjølkerobot såg ut, vera med på quiz og klappe kyr.

- Det er kjekkare å vera her enn på skulen, fortell eleven.

 

- Elevane lærer 

Marita Heggdal Hauge

 

- Det er tradisjon at 3.klassingane får besøke ein gard og lære om drifta. 

Det fortel Marita Heggdal Hauge. Ho er lærar og klasseforstandar for 3B, ein av dei to klassane som har teke turen til fjøsen.

- Målet er at elevane skal lære om dyra og om drifta. Her lærer dei mellom anna kor mjølka kjem ifrå. 

Kva tilbakemeldingar får du frå elevane?

- Dei er veldig gira, det er kjekt. 

 

- Moro å vise fram garden

Jostein Skår Støfring

 

- Det er kjekt å syne borna garden. Her får dei sjå både mjølkeproduksjon og mjølkerobot. 

Jostein Skår Støfring er stolt over å syne fram samdrifta på Støfring. Han jobbar som lærar på Mo og Øyrane vidaregåande skule, samtidig som han er deltidsbonde i Jølster. Støfring tykkjer det er kjekt at elevane har teke turen.

- Det ser ut som borna har hatt det moro. Eg tykkjer dagen har vore vellukka.  

 

-Har lært mykje

Fleire av elevane Sogn og Fjordane Bondelag prata med, hadde lært mykje.

- Eg er veldig glad me kom, seier ei av jentene frå 3. klasse.

Ho lærte mellom anna at kyr ikkje var så skummle som ho fyrst hadde trudd.