- Skal ein dyrke moreller må ein vere skrudd saman slik at ein trivast best når det kokar litt rundt ein, seier Kari Sigrun Lysne og ler.

Lysne er oppvaksen i Lærdal og tok i 2000 over familiegarden på Midt-Ljøsne. Sidan då har ho drifta og utvikla garden, og leverar årleg ca 10 tonn moreller til Lærdal Grønt, frå den 50 dekar store garden sin. I tillegg har ho aprikos, tindved og fersken i hagen, og ein flokk med spælsau som nett no går høgt til fjells. Ferskenproduksjonen er nyplanta og på teststadiet, og det blir spanande å sjå om frukta trivast i Lærdal.

På veg inn i morellehagen med kassar til plukkarane.

Dagen me besøker Kari Sigrun er første dag med plukking av moreller i hagen hennar. To av dei faste morellplukkarane hennar frå Polen er allereie i full sving med å plukke moreller av typen Bellis. - Dette er ein tidlegsort som me prøver. Dette gjer me for å prøva å ha modne moreller  tidlegare enn før slik at me kan tilby ferske, saftige moreller over ein lengre periode, seier Lysne. Det er tidleg i sesongen endå, og fleire plukkarar kjem i løpet av eit par veker.

Plukking av moreller er handarbeid.

- Å vere morellbonde er spanande, arbeidsamt og interessant, seier Lysne. Det er ein del som skal til for at dette skal lykkast. Trea må skjærast og stellast, ein må syte for at trea får nok vatn, gjødsel og sollys, samstundes som at frukta må vere beskytta for vatn. Frukt som nærmar seg modning tåler knapt ein dråpe vatn før dei sprekk, og difor blir alle trea dekka med plast. 

Morelletre dekka med det tyske Voen-systemet der flappar slepp vinden gjennom.

I Sogn og Fjordane produserast nesten halvparten av alle dei norske morellene, og mesteparten av produksjonen skjer i Lærdal. Bygda har svært gode forhold for dyrking av bær, frukt, grønsaker og potet, og morellene har det vorte satsa mykje på dei siste åra. 2018 var den nest-beste morellesesongen nokon sinne med totalt 217 tonn moreller levert til konsum, i tillegg til 5 tonn levert til industri.

- Me prøver å halde oss oppdatert på kva som skjer innan morelldyrking nasjonalt og internasjonalt. Det er alltid ein gjeng frå Lærdal som reiser på den internasjonale steinfruktkonferansen, som vert arrangert annankvar år på ulike stadar i Europa, seier Lysne. I tillegg har me eit tett samarbeid med Landbruksrådgjevinga.

Greinene heng tunge av saftige moreller

- Det mest utfordrande med morelldyrking er tidleg bløming, som gjer at blomen er utsett for varierande vårver. Me er avhengig av ein del varme for at biene skal fly, frukta polinerast og utviklar seg. Andre ting me må tenkje på er blant anna vatn, vind og hjort, men det er løysbart, seier Lysne. Alle hagar er utstyrte med dryppvatning, slik at det vert jamn tilførsel av vatn, og trea får òg gjødsel gjennom vatningsanlegget. Vinden kan vere med på å gjere det vanskeleg, men med åra har dei kome fram til betre dekkesystem som tåler meir vind, og i tillegg held den fuglen vekke.  Hjorten i dalen blir heldt ute av fruktgardane med hjortegjerde.

Levering av nyplukka moreller til Smak av Sogn.

I Lærdal er det mogleg å kjøpa moreller for forbipasserande på ein av dei mange salsbodane som står langs vegen. Det er stor trafikk i dalen, då dette er vegen mellom aust og vest. Lysne har lokale krefter som arbeidar med morellsal i boden hennar. - Det er viktig å engasjera ungdomen i det me gjer, seier Lysne.

Skilta må opp.

 

Det tok ikkje lange tida frå salsboden var sett opp til den første bilen stoppa for å kjøpe nyplukka moreller.