AUD SLETTEHAUG: Ho håpar at mange melder seg på kurset.  

 

- Målet er å hjelpe dei som går med tankar om å foredle eiga mjølk i gang med prosessen, idefase og kanskje oppstart. 

Det fortel Aud Slettehaug, dageleg leiar i kompetansenettverket lokalmat vest. 

- Me ser mogelegheitene for at fleire skal ha grunnlag for å foredle mjølk, og me ynskjer å samle folk. 

 

Fyrste gong

FOTO: Ragna Kronstad. 

 

- Det er fyrste gongen me arrangerer eit slikt kurs her, men det har vore gjort før både i Trøndelag og i Rogaland. 

I fylgje Slettehaug vert det to samlingar i oktober, der ein får innføring i mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad, regelverk og litt kjemi.

Siste samlinga vert på Ostegården i Fana i november, der skal vi yste i stort kar og sjå på eit fullskala mjølkeforedlingsanlegg med Eftagodkjenning. Jørn Hafslund starta ysteri på slutten av 90-talet og har både eiga mjølk og kjøper inn frå Tine.

 

Nøgd fylkesleiar

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Dette er eit bra og viktig tiltak, seier Felde. 

Ifylgje Felde har Sogn og Fjordane lite bedarbeiding av kumjølk, og spesielt ost av kumjølk. 

- Eg trur konseptet passar godt inn i fylket vårt. Her kan minde gardsbruk skape større arbeidsplassar, knytt til vidareforedling av mjølk.   

 

Sjå heile programmet her. 

Her finn du invitasjon og påmelding.