FOTO: Oskar Puschmann. 

 

- Husdyrproduksjon er svært viktig for oss. Vi har stor mjølkeproduksjon både frå ku og geit. I produksjon av geitemjølk er vi nest størst i landet, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar, eller omtrent storleiken på Gulen kommune, og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg.

Tala er henta frå nyleg oppdaterte, fylkesvise Arealbarometer frå NIBIO. Barometeret viser samla areal i fylket, kor mykje som er landbruksareal, kva jorda er eigna til og kva ho faktisk blir brukt til. Nytt av året er det at også nedbygd matjord blir vist.

 

Jordbruk tufta på natur og kultur

FOTO: Oskar Puschmann. 

 

Frå naturen si side har Sogn og Fjordane rike innmarksbeite, og store areal godt eigna for husdyrhald.

-  Jordbruket i Sogn og Fjordane har lang tradisjon for mjølkeproduksjon. Til tross for over 40 prosent  nedgang i talet på mjølkebønder dei siste tiåra, og at talet på mjølkekyr er redusert med nesten 20 prosent, viser det seg at mjølkeproduksjonen held seg ganske stabil mellom 100 – 106 mill. liter, seier Christian Rekkedal. Han legg til at det har skjedd ein merkbar auke i mjølkeproduksjonen per ku.

Gardsbruk med geitemjølk har og gått nedover dei siste 10 åra, frå om lag 65 til knapt 50. Talet på mjølkegeiter er no kring 6000.  Næringa har satsa mykje på betre helsetilstand og kvalitet på mjølka.

Landbruksdirektøren fortel at talet på stølar i aktiv drift med mjølkeproduksjon også har gått nedover. Ved hjelp av ekstra støtteordningar for stølsdrift og god tradisjon i nokre bygder, er det likevel framleis nesten 60 gardsbruk med stølsdrift – både ku og geit.

 

Framgang for bær 

 

Også bærproduksjon og enkelte tidlegproduksjonar kjenneteiknar jordbruket i fylket.

- Engasjerte  gardbrukarar har i samarbeid med landbruksrådgjeving og forvaltning lagt til rette for nyskaping og framgang, fortel landbruksdirektøren.  

Spesielt dei siste 10-15 åra har det vore ei rivande utvikling innan bærproduksjon. I same periode er det satsa på å byggje opp merkevarer knytt til enkelte av produksjonane. Bringebær og moreller frå Lærdal er døme på dette.

Fylket er blant dei fire største bærfylka i landet, særleg på bringebær. Sogn og Fjordane har 2/3 av bringebærproduksjonen i Noreg. Morellproduksjonen i Lærdal representerer enkelte år også det største volumet i landet. 

 

Konkurranse om matjorda

FOTO: Oskar Puschmann. 

 

Sogn og Fjordane har mykje areal per innbyggjar. Likevel er det ofte stort press på å bruke matjord til andre føremål når nye vegar skal førast fram og næringsareal tilretteleggjast.

Dei beste jordbruksareala i fylket ligg der flest folk bur, det vil seie ved elvesletter eller i slake lier opp frå sjøen. Typiske døme er Førde, Nordfjordeid, Stryn og Lærdal.

Landbruksdirektør Rekkedal meiner gode planprosessar er avgjerande for å sikre jordvernet.

- Vi har ikkje matjord å miste, så da gjeld det å prioritere strengt og tenke alternative løysingar når presset på matjorda er der, seier landbruksdirektøren.

 

Meir om Arealbarometeret for Sogn og Fjordane

Foto Geir Harald Strand. 

 

Leiar for avdeling Landbrukskart i NIBIO, Jostein Frydenlund, fortel at mykje av jordbruksarealet i Sogn og Fjordane er fulldyrka jord som er godt eigna til åkervekster og eng.

- Fylket har og mykje innmarksbeite. Det er kultivert areal, veleigna til beite, men jorda kan ikkje haustast maskinelt, seier han.

Frydenlund har ansvaret for oppdatering og utvikling av Arealbarometra, som blir brukte av næring, forvaltning, og politikarar når dei treng overblikk over arealressursane og samfunnsverdien deira.

-Kart er ferskvare, og det er viktig at dei blir oppdaterte etter kvart som endringar skjer, seier han.

I ei tid med aukande utfordringar knytt til matproduksjon, klima og energi, vil og informasjons-behovet for planlegging og beredskap innan desse områda vere aukande.  Arealressurskarta frå NIBIO gjev informasjon om ressursgrunnlaget i alle norske fylke. Karta er tilgjengelige på web.  Det blir og utarbeidd kommunevise Arealbarometer.