Herstad vart attvald som leiar i Naustdal Bondelag på møtet onsdag den 16. oktober.  - Dette er ein aktiv og flink gjeng konstaterte fylkeslaget sin utsende Ole Bjarne Hovland.  Naturleg nok vart det mykje fokus på mjølkeproduksjonen, då møtet vart skipa til same dagen som Norges Bondelag kom til semje med staten om korleis nedskaleringa av mjølkeproduksjonen skal skje.

Ei fyldig og god årsmeldinga vitna om eit godt arbeidande lag, der det vert sett fokus på viktige landbrukspolitiske og praktiske saker for medlemene, samstundes som deltek på aktivitet i skulen og på tilskipingar lokalt.

Styret i Naustdal Bondelag f.v.: Odd Vonen, Joakim Aase, Vidar Heggheim, Arild Herstad, Norid Linda Smådal og Atle Kringlen.