Magnus Grimset kvidde seg ikkje for å ta på seg oppgåver for fellesskapet, og Bondelaget kunne i svært mange år nytte godt av hans engasjement, kunnskap og dugnadsånd.

Han var leiar i Naustdal Bondelag frå midt på 1950-talet fram til og med 1962.

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag i 1961 vart han vald til leiar i fylkeslaget. Eit verv han hadde til 1972. Ingen person har hatt vervet så lenge som Magnus, og alle som kjenner til vegar og kommunikasjon på 1960-talet forstår at dette var eit verv som tok mykje tid. Det var ikkje alle møte i eige fylket som kunne nåast på ein dag, og godtgjersla kan heller ikkje samanliknast med i dag.    

Då ein av våre tilsette laga eit intervju med  Grimset i vinter, minnast han tida i Bondelaget som både travel, kjekk og spennande.

Grimset fekk også tillit på nasjonalt nivå og frå 1967- 1973 hadde han vervet som ordførar i Norges Bondelag. I 1971, hadde organisasjonen 75-årsjubileum. I det høve tala Grimset ved æresminnet til Johan Theodor Landmark på Vår Frelsers Gravlund i Oslo. Landmark skipa Norges Bondelag i 1886 og var frå Fjaler i Sogn og Fjordane. Grimset sa under intervjuet i vår at det var blant dei største oppdraga han hadde hatt, og at det var ei sann ære. Han hadde teke godt vare på tala, og synte den stolt fram under intervjuet.

I 1986 vart Magnus Grimset utnemnd som æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. Det vart i utnemninga lagt vekt på hans samfunnsgagnelege engasjement heilt frå ung alder. Samstundes vart det presisert at trass i alle verv, så var det først og fremst bonde han var.

Som æresmedlem vart Magnus årleg invitert til å delta på fylkesårsmøta i Sogn og Fjordane Bondelag.  Ofte stilte han opp, og då var vegen til talarstolen kort. Dei siste åra meldte han ofte avbod, men på årsmøtet i 2016 kom han med ei videohelsing, der han ynskte oss lukke til med møtet, og bad oss ta tak i dei vanskelege sakene.  I videoen spelte han også ein trall på toradaren sin. Det var ei imponert forsamling som lytta til ein 100 åring med tydeleg tale, klar stemme og godt humør.

Vi som kjem etter har stor respekt for arbeidet som Magnus Grimset la ned for fellesskapet, gjennom sitt engasjement på ulike nivå i Norges Bondelag.   

Vi lyser fred over hans minne.