- I år sel me produkt som me produserar på eige gardskjøken, fortel Egil Fjellestad.

På standen hans kunne ein kjøpe mellom anna gombe og lefser. Sjølv om det regna, satte ikkje det ein dempar for salget.

- Det går overraskande bra.

 

 

Mange på stand

Ifylgje Sigmund Vereide, leiar for Matamålfestivalen på Sandane, vart det satt ny rekord.

- I år var det 45 stands, mot 35 i fjor, fortel han. Sjølv om været kunne vore eit hakk betre, er Vereide godt nøgd med festivalen.

- Eg prata med fleire, som sa dei selde meir i år enn i fjor.

 

 

Moro å treffe likesinna 

- Det er viktig å vera med på arrangement som dette, fortel Fjellestad.

Han tykkjer det er miljøskapnande,samtidig som det er moro å treffe likesinna.

- Matamål har vorte veldig populært, noko eg tykkjer er kjekt.