Med utgangspunkt i at fondet er retta inn mot at fiskerettshavarar, knytt til elveeigarlag og jakt - og fiskelag, ønskjer fylkesmannen at ordninga skal bli betre kjent og meir nytta i høve dette.

Fondet er skaffa fram ved at oppdrettesselskap overfører pengar til miljøfondet. Alle som har eit formål om å verne ville fiskestammar i vassdrag kan søke stønad i fondet til forvaltningstiltak.

I vedlagt brev frå fylkeskommunen, ligg det ved dokumentasjon på at det på landsplan vart løyvd midlar frå miljøfondet til 8 tiltak i 2011, med ein samla tilskotsssum på kr. 2.972.625,-  For Sogn og Fjordane galdt dette for eit tiltak i Årøyelva i Sogndal, med kr. 70.000,.- i stønad.

Viser vidare til vedlagt link frå fylkeskommunen, med nærmare informasjon om miljøfondet og søknadsadresse. Søknadsfrist 1.april