- Ulvekonflikten er ei svært vanskeleg sak, då den handlar om kjensler, men også om ein uhaldbar situasjon for mange bygdesamfunn.    For menneska som bur i bygdene, som må kjenne på frykt for eiga framtid og bygda si utvikling, er vedtaket til Helgesen like før jul verkeleg alvor, held Aam Sognnes fram. 

Konsekvensane av vedtaket til Helgesen er ein kraftig auke i ulvestammen både innanfor ulvesona og utanfor.  Dette er stikk i strid med Stortinget sitt vedtak tidlegare i 2016, og har skapt ein heilt uhaldbar situasjon.   Det er vanskeleg å finne att Landbruks- og matdepartementet (LMD) sine vurderingar i dokumenta frå Justisdepartementet og Klima og Miljødepartementet (KMD).  I følgje LMD sine vurderingar står det at ulv som kjem inn i beiteområdet til husdyr kan gjere stor skade.  I det same grunnlaget frå LMD kan ein lese at i perioden 2010-2015 har berre 10 % av tapet til ulv skjedd innanfor ulvesona.  dette skuldast sjølvsagt at i desse områda finst det praktisk talt ikkje frittgåande sau og lam på beite.  - Det bør ikkje vere så vanskeleg å forstå , sjølv for byråkratar på kontor i Oslo, at dersom det ikkje er sau i eit område så vert det lite tap, seier Sognnes.

LMD skriv vidare: Hovudutfordringa med tap av beitedyr til ulv er knytt til skade og drap som skjer utanfor ulvesona.  Heile 90 % av tapa skjer utanfor sona og meir enn 40 % av tapa skjer meir enn 3 mil frå ulvesona.  Til fleire ulv det blir til større blir skadene lenger vekke frå ulvesona.  Likevel meiner altså både KMD og Justisdepartementet at skadepotensialet ikkje er oppfylt.  - Forstå det den som vil, men dette handlar om politikk!  - Eg forventar faktisk at distriktshøgre utover Hedmark og Oppland reagerer på det som har skjedd gjennom dette vedtaket.  Ein kan ikkje berre trekke på skuldrane og seie at dette ikkje vedkjem oss, seier Aam Sognnes.  Handteringa av denne saka vedkjm i høgste grad heile distriktsnoreg, som eit døme på korleis byråkratar på eit kontor i hovudstaden kan overstyre lokale styresmakter som Stortinget og KMD sjølve har oppnemnt.  Rovviltnemnda i Hedmark sine vedtak er blitt overstyrt i så stor grad at politikarane i nemndene seier frå seg alle verv. Overstyringa er heller ikkje i samsvar med Stortinget sitt fleirtal.  Då er ikkje eit skuldertrekk nok - her må det faktisk reagerast også frå medlemer i Høgre på Vestlandet, avsluttar Aam Sognnes.