Bilete er teke frå eitt informasjonsmøte om mentorordninga i 2018. 

 

Bønder i Sogn og Fjordane er invitert til å vera med i ei mentorordning, kalla "Bønder hjelper bønder".  Er dette interessant for deg, eller kjenner du nokon som kan ha interesse for dette?

Ordninga er nasjonal, og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar.

 

Om ordninga

Mentorordninga er ei ordning der ein inngår ein formell avtale med ein kollega, om å bistå som diskusjonspartnar i drifta. Mentoren må vera ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Produsenten som får mentorhjelp må vera ny produsent eller ein som skal gjere store endringar i drifta. 

Fristen for å melde seg på ordninga er 1.desember 2019. 

 

Les meir om ordninga og påmelding her. 

Menrorordninga fekk fart på plommeprosjektet.