Nokon er allereie godt i gong med fornyinga.  Ei av dei er leiar i Balestrand Bondelag, Renate Rendedal i Vetlefjorden.  Der ligg store areal svarte etter isbrann.Etter ei varm pinse har det dessverre vorte tydelegare at store engareal har fått store isbrannskader. Mange må fornye store areal og treng mykje frø. I samtale med regiondirektør i Felleskjøpet Dag Arne Helle får vi opplyst at det er viktig at alle melder inn kva trong de har for såfrø. Felleskjøpet sitt pakkeri på Holstad arbeider på spreng for å pakke såfrø, og det går ein bil til Vestlandet i dag. Nokon frøtypar er utseld til dømes engsvingel og raudkløver. Det betyr at nokon frøblandingar ikkje vert heilt optimale, til dømes Spire Normal, men han meiner at alle skal kunne få frø. Beitefrøblandingar har dei også god tilgang på.
 
NB!! Meld inn kva trong du har for frø ved første høve !!