Det har vore fleire episodar i Lærdal med plast og fiberduk som har hengt seg fast i linjenettet og stolpane til Lærdal Energi. Fiberduk blir lagt ut for å auke temperaturen og dermed betre veksttilhøva for grønsakene som vert dyrka på friland. For å sikre fiberduken vert det lagt eit sterkare nett oppå duken som held duken nede, samt at det vert lagt sandsekkar langs kantane og på midten av duken. Dette er den anbefalte måten å legge ut fiberduken, og ved normale vindtilhøve er dette tilstrekkeleg. Men i vår har det vore kraftige vinddrag i Lærdal og det har dermed fått tak i duken og dratt den med seg til plassar den ikkje skal vere. Ved fleire høver har den hekta seg i straumnettet til Lærdal Energi, noko som både er kostbart og potensielt farleg.

Måndag 18.mai vart det helde eit møte mellom Lærdal Energi og representantar frå grøntnærnga i Lærdal for å diskutere problemstillinga. Frå Sogn og Fjordane Bondelag deltok nestleiar Ole Bjarne Hovland, samt leiar i Lærdal Bondelag Njål Golf.

Det er stor fare for at fiberdukar og plast som heng i linja er straumførande, og dette er farleg for både operatørar og andre som ynskjer å fjerne dette frå linja. I tillegg må linja koplast ut og det medfører høge kostnadar for kundane til Lærdal Energi.

Oppmodinga frå Lærdal Energi er at ingen skal prøve å rydde plasten/fiberduken ned frå linjene. Dersom du skulle komme forbi linje med plast/fiberduk, må du melde i frå om dette til:

Lærdal Energi, alarmtelefon: 57669420

Kontakt eventuelt leiar i Lærdal Bondelag, Njål Golf på tlf 411 73 910