Det har til denne tid vore noko ulikskapar i korleis verkemidlane har vore innretta i dei to fylka.  No skal ein gjennom eit grundig arbeid i 2018 utarbeide ein felles strategi for bruken av investeringsverkemidlane, midlar til regionalt Miljøprogram og skogbruksmidlane.   Det er fylkesmennene i dei to fylka som har fått i oppdrag frå departementet og utarbeide det nye regionale Bygdeutviklingsprogrammet i samarbeid med partnerskapen. 

- Vi har hatt eit svært godt samarbeid med partnerskapen (IN, Fylkesmannen, KS, Fylkeskommunen og faglaga) i Sogn og Fjordane, der eg føler at vi i faglaga har hatt ein stor og reell innflyting på prioriteringane som er gjort.   Vi har gåttDette har vore viktig for mellom anna å kunne få til ei sårt tiltrengt fornying av driftsapparatet innan ulike produksjonar i fylket, held Felde fram.   Det er ein svært tydeleg bodskap frå Sogn og Fjordane Bondelag at vi som næring også får ei reell innflyting no når det skal lagast eit felles Regionalt Bygdeutviklingsprogram med delprogram på næring, Miljø og skog.

Styringsgruppa hadde sitt første møte i Bergen i går.  Arbeidet vil bli organisert med ei styringsgruppe og 3 referansegrupper med rådgjevande funksjon innan kvart av delprogramma.  Fylkesmennene vil ha interne arbeidsgrupper som skal jobbe med teksten og innhald mellom møta.  Planen skal vere klar for godkjenning i desember 2018 og skal før det ut på høyring hos kommunane.

Desse deltok på møtet i Bergen den 6. desember: F.v. Jarle Helland, Hordaland Bonde- og småbrukarlag, Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag, Kari Bouvrie, FMLA Hordland, Kjetil Andre Rødland, Vestskog, Kjetil Mehl, Hordaland Bodnelag, Lars Peter Taule, Hordaland Bondelag, Christian Rekkedal, FMLA Sogn og Fjordane, Åse Vaag, FMLA Hordaland, Jostein Ljones, KS Hordaland, Heidi Bjønnes Larsen, Hordaland Fylkeskommune, Ole Anders Smette IN Vestlandet, Bjørn Harald Haugsvær, FMLA Sogn og Fjordane og Merete Støfring Sogn og Fjordane Bondelag.

På Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side finn du gjeldande bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

På Fylkesmannen i Hordaland sine sider kan du finne deira gjeldande Bygdutviklingsprogram