Medlemsmøte i Fjaler og Hyllestad Bondelag
På programmet sto mellom anna jordbruksforhandlingane for 2016.
9. februar kl. 20.00 var det medlemsmøte i Bakkebø grendahus på Straumsnes. Ole-Ivar Åm Sognnes stilte frå fylkesstyret.
Positivt arbeid
Under innleiinga snakka Sognnes om det positive arbeidet han hadde registrert frå lokallaget. Mellom anna har dei arrangert frukostmøte med ordførarane i Fjaler og Hyllestad.
Vidare orienterte han med utgangspunkt i plansjar frå regionmøta og studieheftet til jordbruksforhandlingane. Medlemmene synte stort engasjemnet undervegs.
Nokre moment frå ordskifte:
- Overordna verkemiddel og rammer er avgjerande for landbruk i heile landet, til dømes importvern, markedsordning og budsjettmiddlar.
- Viktig å stimulere vestlandsbønder med små og mellomstore bruk. 20-30 kyr er ok, men kanskje i største laget? Det må vere økonomi i å bygge ein "1/2 robotfjøs" til 20-30 kyr.
- Betre velferdsordningane.
- Meir investeringsmiddlar og auke %-sats. Vesentleg at fylka kan setje eigne retningslinjer. Investering må sjåast i forhold til resursgrunnlag på garden/bygda der fjøsen skal byggast.
Styret vil no utarbeide ein uttale på bakgrunn av møtet.