På møtet: 11 medlemmer deltok.

 

9. februar kl. 20.00 var det medlemsmøte i Bakkebø grendahus på Straumsnes. Ole-Ivar Åm Sognnes stilte frå fylkesstyret.

 

Positivt arbeid

Frå fylkesstyret: Ole-Ivar Åm Sognnes

 

Under innleiinga snakka Sognnes om det positive arbeidet han hadde registrert frå lokallaget. Mellom anna har dei arrangert frukostmøte med ordførarane i Fjaler og Hyllestad.  

Vidare orienterte han med utgangspunkt i plansjar frå regionmøta og studieheftet til jordbruksforhandlingane. Medlemmene synte stort engasjemnet undervegs. 

 

Nokre moment frå ordskifte:

- Overordna verkemiddel og rammer er avgjerande for landbruk i heile landet, til dømes importvern, markedsordning og budsjettmiddlar.

- Viktig å stimulere vestlandsbønder med små og mellomstore bruk. 20-30 kyr er ok, men kanskje i største laget? Det må vere økonomi i å bygge ein "1/2 robotfjøs" til 20-30 kyr. 

- Betre velferdsordningane. 

- Meir investeringsmiddlar og auke %-sats. Vesentleg at fylka kan setje eigne retningslinjer. Investering må sjåast i forhold til resursgrunnlag på garden/bygda der fjøsen skal byggast.

 

Styret vil no utarbeide ein uttale på bakgrunn av møtet.