Saman med ektemannen Wald Lyslo har ho ansvar for produksjon av mange tonn med bringebær i Innvik i Nordfjord. På bruket har dei også husdyrproduksjon, slik at dei kjenner på skilnaden mellom husdyrproduksjonen og bærproduksjonen.

- I bærproduksjonen er vi tettare på marknaden og prisløypa på godt og vondt, seier Brækhus.  Årets sesong er i startgropa og det er ein spent produsent som går nokon svært hektiske veker i vente: 

  • Kjem alle plukkarane seg på plass til rett tid?  Korleis vert veret når bæra skal haustast? 
  • Kjem det mykje bær i marknaden samstundes - noko som utfordrar prisen til bonden.  Kan vi få ein situasjon der dei områda som er tidlege startar til normaltid samstundes som den varme våren har framskunda seine område med fleire veker slik at for mykje bær må ut i marknaden samstundes?
  • Vil den norske forbrukaren halde fram med å auke inntaket av norske bær?

Brit og familien trivst med eit hektisk liv og med å sjå resultat av arbeidet som dei har lagt ned over år i å utvikle garden.  - Da er alltid kjekt når plukkegjengen er på plass og sesongen er i gang sjølv om tempoet er høgt, men da passar meg godt.  - Eg likar høgt tempo og at det skjer ting kring meg.  Utfordringar er til for å løysast, smiler Brækhus. 

I løpet av komande veka kjem det 57 bærplukkarar til gards.  - Det er vanskeleg å berekne kor mange ein treng når det er mange ukjente faktorar, vær, tempo i modninga  og andre uføresette hendingar seier Brækhus.  

2018 vert kanskje ikkje noko toppår, men det ser nokolunde bra ut.   Fasiten har vi om 6 veker.  - Vi treng ikkje drive med ekstremsport, for når ein er bonde kjem da diverse kick undervegs, seier ei lattermild Brækhus.   Med den varme forsommaren kom blomstringa overalt med ein gong, men biene jobbar for fullt endå så vi satsar på å plukke til starten av august.   

Bringebæra er godt eigna til å fryse så kjøp inn og frys gjerne ned til vinterbruk, men det aller beste er å ete dei kortreiste bæra i sesongen.   Kring 70 prosent av bringebæra som vert dyrka i Noreg vert produsert i Sogn og Fjordane så da er berre "å hive innpå".  Bringebær er sunt og knakande godt :) 

 

Bringebærsesongen er i startgropa og bærprodusent Brit Brækhus er spent på kor bra sesongen vert