- Det aller aller viktigaste for Tine er å sikre avsetning for bonden si mjølk på ein måte som gjev god økonomi for bonden og Tine.  Dette gjer seg ikkje sjølv!  Det trengst sterkt fokus på kostnader, marknad og nyskaping, men det er viktig at vi aldri gløymer kvifor Tine eksisterer, held Refsholt fram.

- Skal vi vere forbrukaren sitt førsteval må vi mellom anna ha eit auka fokus på miljø og reduksjon av klimautslepp.  Difor har vi mål om at både alle anlegg og all transport skal nytte fornybar energi innan 2025.  Det ligg mykje energi i krafta av husdyrgjødsla, så målet er alle lastebilar skal nytte biogass frå kua  #kukraft (#cowpower) i framtida, poengterte ein optimistisk konserndirektør, som var tydeleg på at maten må produserast på ein bærekraftig måte.

Mål om produkt som er betre for folk si helse, er også ein viktig premiss for nyskapinga i verksemda.  Styresmaktene ynskjer mindre salt, sukker og meitta feitt i produkta, og dette er også noko vi må ta omsyn til i utviklinga av nye produkt.   

Her finn du Hanne Refsholt sitt innlegg