Sjå video med Nils T Bjørke her:

https://www.youtube.com/watch?v=RCQBrPCAAzo&feature=youtu.be

 

- No gjere eg det som eigentleg er arbeidet mitt, eg er bonde. For tida forsøker eg å ta att ein del vedlikehald på garden, noko eg utsette då eg var bondelagsleiar. Vidare er det ein del ting på drifta som må utviklast, så det er travelt.  

Me traff Bjørke på festivalen Matamål på Sandane siste helga i september. Der var han mellom anna for å opne torgdagen. Sjølv om han hadde ein del å vera med på, tok han seg god tid til ein prat med Sogn og Fjordane Bondelag.

- Heime på Voss har eg ein godt gjennomsnittleg vestlandsgard. Eg har vel ein mjølkekvote på 170 000 liter og noko sau. Ja, og så driv eg litt med hesteoppdrett. Så eg har nok å gjere på.

Kor mykje saknar du jobben i Bondelaget då?

- Det har vore veldig travelt på garden, så eg har i grunnen ikkje hatt tid til å tenkje over det. Men det er klart eg saknar gode kollegaer og kjekke folk. Samtidig er eg glad for at eg slepp å reise så mykje, har vore masse på farten i mange år no.

 

Er framleis tilgjengeleg

- Eg er bevisst på at nye kostar har teke tak i Bondelaget. Likevel er eg tilgjengeleg om dei ynskjer spørja om noko eller diskutera eit eller anna, det skjer stundom.

Ifylgje Bjørke har han god dialog med dei som sit no og han tykkjer dei er kome godt i gang.

- Det går nok bra.

Kva tenkjer du om tida framover no?

- Eg tenkjer å nytte litt tid på garden fyrst og få litt orden der. Så får eg sjå om eg finn roen som bonde, det tek eg litt som det kjem.