Arbeidsåret 2014 har bydd på utfordringar, og Per Hilleren trekte særskild fram jordbruksforhandlingane. -Me gjekk inn i året med ei blåblå regjering, og signala Landbruks- og matministeren kom med gjorde mange usikre på kva me ville møta i forhandlingane. Våren kom og jordbruksforhandlingane vart dessverre nett så vanskelege som me hadde frykta. Brotet var uunngåeleg, sa Hilleren. Samstundes er Hilleren både stolt og imponert over engasjementet som kom for dagen i lokallaga då brotet var eit faktum.

Listhaug og Regjeringa må ta innover seg at den landbrukspolitikken dei legg opp til ikkje har fleirtal på Stortinget. I etterkant av brotet greip stortingsfleirtalet inn og påla å gje næringa 250 ekstra millionar i høve til det Regjeringa hadde kome med. Det gav ei viss betring, men rokka ikkje ved innretninga der ein tek frå dei mange for å gje inntektsvekst for dei få.

Me er inne i ei tid med stor spenning om korleis framtida til norsk landbruk vil verte, og Hilleren nemnde særskild tema som konsesjonsregelverk, handelsavtalar, marknadsbalansering og kvoteregionar. -Me oppfattar og manglande vilje til å bruka budsjettmidlar på matproduksjonen. Me treng ei sterk samling av norsk landbruk i tida framom oss, sa Hilleren.

Distriktslandbruket må ha ein sentral plass i den norske matproduksjonen, og at det må førast politikk som legg tilhøva til rette for at alt areal skal vere i bruk. - Me må sjå på heilskapen for norsk matproduksjon, sa Hilleren.

Den avtroppande bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane vil også slå ring om mange av dei viktige tenestene og beredskapsfunksjonane i fylket. -Me kan ikkje eksportere bort tryggleik og kompetanse, sa ein engasjert Hilleren.

Me treng ei sterk samling om norsk landbruk, slo avtroppande fylkesleiar fast i si tale til Sogn og Fjordane Bondelag sitt årsmøte