- Me jobbar for å finne løysingar

Publisert 19.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

 

STYREMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Kari Sigrun Lysne.

 

- Akkurat no jobbar me får å finne gode løysingar, seier Kari Sigrun Lysne.

Ho er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, og fortel at det er mange utanlandske  arbeidarar i landbruket.

- I grøntsektoren er det ein del personar som kjem til våronna, og endå fleire kjem når det nærmar seg hausting. Dette er personar som har fått opplæring og kunnskap om produksjonen gjennom mange år.

Lysne forklarar at arbeidsstokken er rekruttert systematisk gjennom eige nettverk i ein periode på 10-20 år.

- Det er for å sikre kvalitet, kunnskap og engasjement. Tilfeldig norsk arbeidskraft kan ikkje erstatte dette.

 

Klar over situasjonen

- Bondelaget i Sogn og Fjordane er klar over situasjonen, og me jobbar for å finne gode løysingar saman med Bondelaget sentralt og myndigheiter.

Vidare fortel Lysne at ingen veit korleis ting blir framover, då ting endrar seg veldig fort.

- Me er klar over kor viktig dette er for medlemmane våre, og me skal gjere alt i vår makt for å finne gode ordningar.

Situasjonen for grøntprodusentane er at ingen veit korleis dette går. Me må ta ein dag om gongen held Lysne fram.

- Me ser alvoret i situasjonen, og me gjer vårt absolutt beste for at dette skal gå så bra som mogeleg.

 

 

Bollestad skal møte arbeidsministeren, les meir om saka her.

 

 

 

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

Våre samarbeidspartnere