I Norge og Sogn og Fjordane er matjord ein knapp ressurs.   Kun tre prosent av Noreg sitt totalareal er i dag dyrka jord, mot elleve prosent på verdsbasis. 

Tal frå Helsedirektoratet viser at den norsk produserte delen av matvareforbruket var nede i 43 prosent for 2012.   Det er den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår, og nedgangen frå året før er på nær fem prosentpoeng.  Denne nedgangen må snuast.   Auka matproduksjon krev aktiv og målretta bruk av tilgjengeleg jordbruksareal.

Det er eit stort press på matjorda for bruk til andre formål enn matproduksjon, både i eige fylke meir sentrale område.    Dei som skal byggje ut søkjer billege løysingar utan å tenkje på dei langsiktige konsekvensane.   Det må vere eit mål at parkeringsplassar skal under jorda i kombinasjon med ei fortetting og bygging i høgda.  Fylkesårsmøtet vil peike på at ein til dømes i Førde kan byggje nye bygg oppe på eksisterande parkeringsplassar ved til dømes Biltema og Coop-xtra.   Samstundes som ein tek vare på parkeringsplassane der dei ligg.

Matjord er ein avgrensa ressurs, som i svært liten grad er fornybar.  Krav om nydyrking  og flytting av matjord kan brukast som avbøtande tiltak der matjord er omdisponert, men det vil ikkje kunne erstatte tap av dyrka jord i god hevd.  Fylkesårsmøtet vil difor oppmode politikarar og planleggjarar i Sogn og Fjordane om å legge alternative planar som har eit fokus å spare svært dyrebar matjord for komande generasjonar.

Matjorda er for viktig til å vere salderingspost ved utbyggingar.  Vi treng politikarar som klarar å tenkje langsiktig for komande generasjonar.