Byutviklinga i Førde "et" seg utover noko av den beste matjorda som finst i Sogn og Fjordane.Folketalet i Norge er venta å auke med nok ein million de næraste 17 åra.  Det er rundt tettstedar og byar dei mest verdifulle matjordressursane finst, og det er her presset på bustadbygging, samferdsel og næringsbygg er størst.  Stortinget har sagt at vi skal oppetthalde sjølvforsyninga. Då må vi auke matproduksjonen med om lag éin prosent i året, og auke matjordarealet i drift.

Framleis nedbygging kan gje konsekvensar for beredskap og mattryggleik.  Areal går også ut av bruk fordi dei ikkje er lønsame å drive. Dette fører til attgroiing og mindre evne til å produsere mat. - Norges Bondelag ønsker å sette dette på dagsorden fram mot Stortingsvalet i 2013.   For å dokumentere dagens situasjon treng vi bilete frå alle lokallag i heile landet, seier Mina Mjærum Johansen, rådgjevar på næringspolitisk avdeling i Bondelaget.  Ut å ta bilete no!  - Vi ønsker bilete av areal i din kommune eller ditt område som viser matjord som går ut av produksjon som følge av nedbygging eller attgroing.  

Send inn bilete.  Bilete sender du som vedlegg til e-post på: bilder@truetjord.no

Vi ynskjer bilete innan 1. oktober, men det vil også vere mogleg å sende inn bilete seinare enn dette. På e-posten som de sender inn ynskjer vi at følgjande informasjon føl kvart bilete: 

  • Fotograf
  • Lokallag
  • Staden der biletet er teke
  • Kommune og fylke for biletmotivet
  • Dato når bildet er teke
  • GPS-koordinater der du sto da bilde ble tatt (frivillig).

GPS-koordinatene er ikkje nødvendig, men kan vere ein nyttig reiskap dersom ein skal kunne gjenskape motiva i framtida, altså dokumentere utviklinga på staden om nokon år.  Du må gjerne også skrive noko som svar på følgjande spørsmål, men det er friviljug.    Gjeld motivet gjengroing eller nedbygging? Kva har forårsaka denne attgroinga eller nedbygginga?  Storleik på arealet som gror igjen eller vert bygd ned?  Andre opplysninger om biletet.