Matamål fremjar kunnskap om tradisjonar, matkultur og kortreist mat.

 

Siste helga i september finn Matamål stad på Sandane.  I fire dagar skal festivalen vere ein møtestad for produsentar, fagfolk og alle med interesse for mat.

På torgdagen laurdag kan du verkeleg sjå og smake på dei ulike kvalitetsvarene som vert produsert i området vårt.  Dessutan er det mange aktivitetar å vera med på.  Du kan mellom anna besøke Open Gard og ri på hest.

 

Leiaren i Norges Bondelag kjem

LEIAR I NORGES BONDELAG: Lars Petter Bartnes.

 

Det står mykje spennande på menyen. Mellom anna skal leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartes, opne Torgdagen. Det skjer klokka 11.00 på laurdag. Elles freistar programmet med både vinsmaking og museumsonsdag. 

 

Ynskjer du å sjå heile programmet? Då kan du klikke her.