Jakten på den gode smaken og det gode salet.  Sel ikkje produkta godt nok er det rett ut av butikken ved neste vegskilje.I dag byter ein rekke varer plass i hyllene i norske butikkar. Ut går dei som ikkje selde godt nok og inn kjem årets nyhende. I løpet av året er det tre opninger for å byte ut varene, og av dei er 1. februar den viktigaste datoen.  - Det er då flest varer vert bytt ut for å dekke våre forbrukarar sine behov eller uoppdaga behov seier Per Hilleren.  Sjølv var han så heldig å få smake eit par av dei nye produkta som kjem på marknaden tidlegare denne veka.  Lerum sitt nye syltety som søta med urten Stevia. I fjor sommar vart søtningsmiddelet Stevia godkjent i Norge.   Det har saft- og syltetøyprodusent Lerum jobba med parallelt med godkjenninga. No er produkta klare for marknaden, men førebel berre i Coop sine butikkar.   - Syltetyet er  fantastisk godt og friskt seier ein oppglødd fylkesleiar.  Det smakte bær. Han får støtte av nestleiar Marit Flatjord som også fekk smake syltetyet på bedriftsbesøket hos Lerum tidlegare i veka. 

Nesten 50 prosent av det tradisjonelle sukkeret er erstatta med denne urten.    Direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum ser på produkta som eit ledd i å gjere både saft og syltetøy sunnare, i og med at ein brukar mindre sukker. 

Vi tek kvåt ansvar for folkehelsa.  Ulike forbrukarar har ulike behov, nokon vil ha mykje bær og vanleg sukker, andre vil ha mykje bær og lite sukker. Her er sukkeret erstatta med eit naturleg søtningsstoff.   Som ein liten aktør er Lerum avhengig av å drive med innovasjon dersom dei skal hevde seg i konkurransen, seier Lerum.   Fylkesleiaren i Bondelaget er stolt av Lerum som ein merkevare for heimbygda Sogndal.