- Eg håpar flest mogleg vil fokusere på framtida og dei politiske løysingane framover, held fylkesleiaren fram. Vi har vore gjennom eit brot i årets jordbruksforhandlingar og er midt oppe i ein svært alvorleg situasjon for norsk matproduksjon.  Innteninga i næringa er for svak til å sikre rekrutteringa inn i framtida og det verkar som politikarane er meir opptekne av vakre ord enn av å gje den nye landbruks- og matmeldinga eit reelt økonomisk innhald, held Hilleren fram.  Utfordringa for oss som utsendingar i årsmøtet vert å løfte blikket og sjå framover på moglege løysingar for norsk landbruk.  Utan endring og eit synleg løft vil utviklinga berre halde fram med stadig færre einingar og etterkvart også ein stadig mindre matproduksjon basert på norske ressursar.

Utsendingane til årsmøtet i Norges Bondelag hadde møte i førekant av årsmøtet i dag. F.v. Lidvin Olav Hage, Marit Flatjord, Knut Tore Nes Hjelle, Margun Bjørkelo, Bjarte Myren, Per Hilleren, Elin Haugen og Nils Magne Gjengedal.