Den dyktige vikaren vi hadde tilsett  og som skulle starte opp på nyåret fekk tilbod om fast jobb nærme heimen sin  Difor har vi ledig eitt års vikariat som rådgjevar ved fylkeskontoret i Førde i Sogn og Fjordane frå 01.05.2019 med høve til tidlegare start.  

Vi ser etter ein person som har interesse for landbruk og matproduksjon. Har du høgskuleutdanning med kompetanse/erfaring innan juridiske fag, jordvern eller kommuneplanlegging er det flott, men ikkje naudsynt. Interesse for politikk, arbeidslyst og erfaring frå organisasjonsarbeid kan også vere eit fint utgangspunkt for denne jobben.

Vi kan tilby deg fleksibel arbeidstidsordning og gode vilkår. 

Førde ligg sentralt mellom Bergen og Ålesund og kan by på fantastisk natur til alle årstider. Er du klar for å prøve noko anna enn bylivet er dette ein flott moglegheit.

Nærmare opplysningar om stillinga ved å vende deg til organisasjonssjef Merete Støfring på telefon 959 47 437 eller personalsjef Catharina Andersen på telefon 905 15 152.

Kort søknad med CV sendes innen 20. januar 2019, til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no

 

Om arbeidsgiveren

Norges Bondelag er en interesseorganisasjon for bønder og andre som er opptatt av norsk matproduksjon. Norges Bondelag arbeider for å bedre vilkårene for landbruket og synliggjøre landbrukets betydning for samfunnet. Vi har ca. 64.000 medlemmer fordelt på mer enn 500 lokallag. Det er 115 ansatte i organisasjonen, hvorav 57 ved hovedkontoret i Hollendergata i Oslo og 58 fordelt på våre 17 fylkeskontor. Les mer om oss på www.bondelaget.no

 

Les gjerne meir om stillinga her.