- Livet som bonde er ganske fritt. Eg kan legge opp mykje av dagen sjølv, i tillegg til at eg får vera mykje ute. Det set eg veldig stor pris på,  seier Ole Bjarne Hovland. 

Me treff Sogningen heime på garden i Naddvik i Årdal kommune. Han er stolt over yrket sitt, og glad for at han våga satsa på garden.

- Eg er oppvaksen på gard, og hadde odel på denne garden. Det var ein sjanse eg måtte ta. 

 

Mykje å gjere

STOLT BONDE: Hovland overtok garden i 2006.

 

- Hovudproduksjonen er sau, eg leverer mellom 200-250 lam til slakt.I tillegg driv eg med sal av jaktløyver, hytteutleige og vidareforedling av kjøtt.

Garden har vore i slekta i fleire generasjonar, og er ein gard rik på minner. Hovland fortel at han lev eit godt liv, sjølv om det til tider kan vera travelt. 

- Akkurat no går mykje av tida til avl og inseminering. Elles har ein lamminga, sanking og slått på sommaren. Sauehald er variert arbeid. 

 

Ser lyst på framtida

AKTIV I BONDELAGET: Hovland sit som 1.vara i styret til Sogn og Fjordane Bondelag. Det tykkjer han er spennande.

 

- Framtida på Hovland Gard ser bra ut. Me har gode fjellbeiter, og me har litt dyrka mark nede i dalen. Eg tykkjer det fungerer bra i dag, og det håpar eg det vil gjere vidare framover også. 

Hovaland fortel at matproduksjonen i Norge blir viktigare og viktigare, ettersom det vert mindre mat andre stader i verda. 

- Det er viktig å produsere mat der ein kan produsere mat. Når det gjeld sau, ser eg ikkje noko bedre plass enn indre Sogn å drive med det. Det er klart me har våre utfordringar med rovdyr, men det er noko me jobbar med.

Trass utfordringa med rovdyra, er Hovland ved godt mot. 

- Eg vil vera positiv, og håpar eg går gode dagar i møte.