-  På julafta et eg mellom anna pinnekjøt og poteter. Potetene er dyrka her på skulen, seier Nils Jørgen Helgheim.

Han har vore lærar på Mo og Øyrane vidaregåande skule sidan 1978. Helgheim er lærar i planteproduksjon, og drifsleiar for gartneriet. Han er veldig glad i jobben sin, og finn glede i arbeidet på skulen. 

-  Me har mellom anna ti mål med poteter her, og fire ulike sortar. 

Helgheim ramser opp både kerrs pink, troll, aksel (tidlig potet) og pimpernell. 

- Me sel poteter frå skulen, på butikken me har her. Stundom er det att til jul, andre gongar er det heilt tomt.

 

- Må ha norske poteter til jul 

GLAD I POTETER: Nils Jørgen Helgheim tykkjer at dei norske potetene er best å bruke til julemiddagen.

 

- Sjølv har eg poteter frå Mo til jul. 

Helgheim fortel ivrig. Han ser ingen grunn til å ha utanlandske poteter på juletallerkenen. 

- Ein bør ikkje ha noko anna enn norske poteter rundt juletider. Det er viktig at me har norsk matproduksjon, også med hensyn til berdskapen. 

 

Får skryt for potetene

GODE TILBAKEMELDINGAR: Helgheim får positiv respons på potetene frå Mo.

 

- Det er kjekt å høyre at folk er nøgd med potetene. Det er klart at gode tilbakemeldingar, gjere jobben endå kjekkare. 

No gler Helgheim seg til jul, og god mat.

- Ja, pinnekjøt og poteter frå Mo er verkeleg godt.