- Me har fleire gode tradisjonar med jul, fortel Anders Felde. 

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, ramsar opp i fleng. 

- På veslejulafta er heile morssida samla, og på julafta får me besøk av nordpolnissen. Det er mor mi, ho brukar dukke opp midt på dagen. Elles går me i kyrkja, og et god mat om kvelden. 

 

Litt av alt 

GOD JULEMIDDAG: Det er mykje godt å finne på juletallerkenen til Anders Felde.

 

- Til julemiddagen har me litt av alt. På bordet står både pinnekjøt og svineribbe med sprø svor. I tillegg står fire ulike pølser på bordet, samt kålrotstappe og andre godsaker.

Felde har stjerner i augo, når han fortel om all maten høgtida har å by på.

- Med jul betyr god mat mykje, og der gjer bøndene ein solid jobb. 

 

Julegåvetips frå bondehøvidngen

FAMILIETID: Anders Felde og sonen Jacob Felde.

 

- Mitt beste tips er å gje ungane harde pakkar, slik at dei får leike og byggje litt. 

Felde fortel at han sjølv ynskjer seg ny treningsbukse, men at gåvene ikkje er det viktigaste. 

- Eg gler meg til å bruke jula saman med famiIien, og eg gler meg aller mest til å vera saman med ungane mine. Då skal me finne på mykje rart, ler Felde.