- Dette er ein lokalmatbutikk, med eige bakeri, bakeri utsal og kafè ,seier Hilde Fjellestad. 

Ho er bakar hjå lokalmatbutikken Bakar Jon, men frå nyttår tek ho over drifta på heile huset. Det gler Fjellestad seg til. 

- Eg har vore bakar i over 12 år no, og jobba mykje på natta. Det blir rart og plutseleg skulle møte folk på dagtid, ler ho. 

 

Julegåvebutikk 

KJEKT Å PRØVE NOKO NYTT: Det er fyrste gong Bakar Jon har julegåvebutikk.

 

- Me har eit selskapslokale i butikken vår, som er nytta til alt frå barnedåp til gravferd. I år har me gjort lokalet om til julegåvebutikk, det er spennande. 

Fjellestad syner oss rundt, det er tett mellom godsakene. 

 - Me har mellom anna lokalmat, julenissar og mykje snop.   

 

God respons

ORD SOM VARMAR: Fjellestad set stor pris på kundane sine tilbakemeldingar.

 

- Det var akkurat ein mann som ringte oss frå Bergen. Han lurte på om me mellom anna hadde havrekjeks på laurdag. Han ville køyre opp til  Byrkjelo, berre for å handle hjå oss.

Fjellestad fortel at det er kjekt, og at gode tilbakemeldingar motiverer.

- Positive ord gjer at eg har lyst å køyre på vidare, lokalmat er kome for å bli.