- Eg startar med julevasken i slutten av november/starten av desember, seier Marianne Kvalvik Kvamme. 

Sogn og Fjordane Bondelag er med, når Kvamme skal vaske gamlestova på garden. Me har også selskap av ei høne og ei geit. Dei er mest med for selskapet si skuld. 

- Julevasken er heilt grusom, men det må til. 

Bonden frå Listene i Flora kommune ler, før ho deler sitt beste vasketips.

- Det må jo vera å vaske litt heile tida, slik at det ikkje blir så mykje på ein gong. 

 

Gler seg til jul

TEK DET LITT ETTERKVART: Sjøl om Kvamme ikkje er glad i julevasken, gjer ho det med godt humør.

 

- Jul for meg er god mat og det sosiale, fortel Kvamme. 

Ho legg vaskekosten vekk, og pratar om gode tradisjonar.

- Me har mellom anna tradisjon på å feire jul hjå oss eit år, hjå systra mi eit år og hjå foreldra mine eit år. I år skal me vera hjå systra mi i Førde. 

Kvamme ser fram til å samle familien, sjølv om det vert travelt med fjøsen på julekvelden. 

- Me tek den før me reiser, me leiger ikkje inn folk. 

 

Stolt bonde

VERV I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Marianne Kvalvik Kvamme er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.

 

- Bøndene er veldig viktige med jul, tenk berre på all den gode maten me produserar. 

Kvamme er stolt over yrket sitt, og fortel at dei brukar å lage pinnekjøtet på garden. 

- Eg meinar det smakar mykje bedre når me lagar det sjølv. Me har gjort det slik i 6-7 år no. Eg lagar det av og til, medan far min gjere det andre gonger. 

I tillegg lagar Kvamme også julepølser. 

- Ja, me lagar mellom 20-40 kg. Me brukar gje litt vekk til familie og venner. Det er kjekt å kunne gje vekk noko ein har laga sjølv.